#Musikk

Torsdag 04. mai

Kl. 20:00

Line Dybedal

04.05.23

Line Dybedal er artist, låtskrivar og forfattar frå Selje i Sogn og Fjordane. Ho starta i bandet The Pink Robots (to album), men gjekk solo i 2012, då på engelsk. Raskt vart tekstane til på nynorsk og med dialekta sett i fokus.

line dybedal

Praktisk informasjon

Dato: Sted:
04.05.2023 Kulturhuset i Bergen
Pris: Scene: Innslipp: Konsertstart: Vergeordning:
220,- Lillesalen 19:00 20:00 Ja
  • Dato: 04.05.2023
  • Scene: Kulturhuset i Bergen
  • Pris: 220,-
  • Scene: Lillesalen
  • Innslipp: 19:00
  • Konsertstart: 20:00
  • Vergeordning: Ja

Kulturhuset i Bergen presenterer:

Line Dybedal

Dybedal har gitt ut to album, to EP-ar og fleire singlar på norsk, og har samarbeida med moa Odd-Erik Lothe, Geir Luedy, Magnus Skylstad (AURORA) og Eivind Buene.
Ho har også skrive musikken til NRK Super-serien “Bli med heim” og gitt ut barneboka “Eit hjarte til jul” (Samlaget 2021) som ho og gitarist Mathias Marstrander reiste rundt med november/desember 2021 og 2022, til saman 32 forestillingar rundt om på Vestlandet.
Albuma til Dybedal har trilla terningskast fem og seks og vart omtala som ein ny sjanger (i 2016) elektronisk visepop. Låtane har vore i rotasjon på nasjonal radio sidan 2012, m.o.a. Vinterkveld, La oss vere to, Bli med heim, Stille osv.
Dybedal sine tekstar er på nynorsk og ho syng på dialekta frå Nordfjord. Tekstane til Dybedal er ærlege, stemma hennar er nær og var og saman med bandet av krutt, samt Volve Vokal (koret) vil dette bli ei spesiell og konsertoppleving. Låtane har stor variasjon; frå dei heilt nedpå til store arrangement for fullt band og kor. Teamet er kysten og folket. Kystfolket har ein felles kjærleik til dette uendelege havet. Vi har fått mykje av havet, men havet har også teke kjære frå oss. Dette er eit turbulent kjærleiksforhold som artisten også vil vise fram til dei som ikkje bur ved kysten.

Bandet:

* Peter Sæverud (bassist, produsent og lydteknikar) er utdanna ved Agder folkehøgskole og ved Musikkonservatoriet i Kristiansand. Han har samarbeida moa med Christine Guldbrandsen, Josefin Winther, AURORA og Gisle Børge Styve.
* Sondre Veland (trommis) er utdanna ved Griegakademiet og har jobba med Wardruna, Major Parkinson og på det Vestnorske Teateret, t.d. “Min Kenneth” og “Heim 3”.
* Mathias Marstrander (gitarist) er utdanna ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen og Norges Musikkhøgskole. Han driv sitt eige soloprosjekt (Treverket), samt spelar med m.o.a. Halie, De Presno og Hannah Storm.
*Vidar Eldholm (pianist) er utdanna kyrkjemusikar, og har samarbeida med moa. Bjarte Hjelmeland, Sissel Kyrkjebø, Bjørn Eidsvåg.