#Diverse

Tirsdag 19. september

Kl. 11:00

Lunsjseminar med Skyss: Bruk energien din på ei smartare reise!

19.09.23

Nye reisemåtar. Samkøyring. Bestillingstenester. Korleis kan vi reise meir berekraftig og smartare i framtida? Under Mobilitetsveka, på kollektivdagen tysdag den 19. september, inviterer Miljøløftet og Skyss deg til eit forrykande lunsjseminar om reiseval og energisparing.

19 skyss2

Praktisk informasjon

Dato: Sted:
19.09.2023 Kulturhuset i Bergen
Sal: Arrangementstart: Vergeordning:
Hovedsalen 11:00 Ja
  • Dato: 19.09.2023
  • Sal: Kulturhuset i Bergen
  • Scene: Hovedsalen
  • Arrangementstart: 11:00
  • Vergeordning: Ja

Kulturhuset i Bergen, Skyss presenterer:

Lunsjseminar med Skyss: Bruk energien din på ei smartare reise!

Einar Alen Hunsager og Joran Buwalda er miljøteknologiekspertar i Skyss, og har eit brennande entusiasme for berekraftig utvikling. Dei formidlar sin kunnskap på ein spennande og enkel måte, og vil garantert få publikum til å tenke nytt!
Frode Endresen og Roy Gunnar Blommedal jobbar med ny mobilitet i Skyss, og nye fleksible løysingar for dei reisande. Under mobilitetsveka startar ein ny pilot for samkøyring i Øygarden. Det handlar om å utnytte kapasiteten i bilane på veien. Hadde du vore villig til å dele bilen din med ein framand? Dei vil også snakke om Skyss sin pilot for bestillingstenester.
Ranveig Helle frå Skyss bind det heile saman.
Meld deg på i dag viss du vil la deg inspirere til ei meir energieffektiv reise i kvardagen! Seminaret er gratis for alle, men krev påmelding.

Meld deg på her:
https://miljoloftet.no/arrang.../pamelding-lunsjseminar-2023

Seminaret vil også bli streama, her er ikkje påmelding nødvendig. Du kan se streamen via denne lenken:
https://youtube.com/live/NnNyx-npKb8?feature=share (YouTube direkte), eller https://miljoloftet.no/mobilitetsveka/mobilitetsveka2023/lunsjseminar/

Program:
11.00: Lunsj
11.30: Innlegg frå Einar Alen Hunsager og Joran Buwalda, Tilbodsutvikling, Skyss
12.15: Kort pause
12.20: Innlegg frå Frode Endresen og Roy Gunnar Blommedal, Ny mobilitet, Skyss
12.50: Spørsmål
13.00: Slutt

Dato: 19. september
Tid: 11.00-13.00
Stad: Kulturhuset, Bergen.
Vi gler oss til å møte deg for ein kunnskapsrik samtale, ein varm kopp kaffi og noko godt å bite i.
Velkommen om bord!

Foredragshaldarar:
Einar Alen Hunsager og Joran Buwalda, Tilbodsutvikling, Skyss.
Frode Endresen og Roy Gunnar Blommedal, Ny mobilitet, Skyss.
Møteleiar: Ranveig Helle, Skyss