#Musikk

Fredag 21. april

Kl. 21:00

Stedje // Tokvam // Lothe - Summetonar

21.04.23

Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam gir ut album saman! Da blir det fest på Kulturhuset!

21 stedje

Praktisk informasjon

Dato: Sted:
21.04.2023 Kulturhuset i Bergen
Pris: Scene: Innslipp: Konsertstart: Vergeordning:
375,- Hovedsalen 20:00 21:00 Ja
  • Dato: 21.04.2023
  • Scene: Kulturhuset i Bergen
  • Pris: 375,-
  • Scene: Hovedsalen
  • Innslipp: 20:00
  • Konsertstart: 21:00
  • Vergeordning: Ja

Kulturhuset i Bergen, Stas Artist presenterer:

Stedje // Tokvam // Lothe - Summetonar

Dei tre artistane har samla seg om eit felles prosjekt. Å lage eit album med utgangspunkt i kor dei kjem frå. Den geografiske og musikalske fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom. Menneska dei har møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane, krikane og krokane dei kjenner både kvar for seg og saman. Stadar som ber på minner. Balestrand, Vadheim, Nordfjord, Sogn og Kjølsdalen – desse og fleire stadar får sine songar. For alle stadane husar tekstar og historier. Frå poetiske hyllestar, via sjølvransakande erkjenningar til absurde fortellingar. Frå nærleik til fråvær. I det lokale søkjer dei det universelle. Kjærleiken, lengten og livet.
Når Stedje, Lothe, Tokvam no tek med seg albumet og reiser på turné, blir albumet presentert som ei samanhengande forestilling. Finn Tokvam vil knyte det heile saman med sine lune og humoristiske betraktningar rundt temaet i kvar enkelt song. Med seg har dei også langvarig samarbeidspartnar og medmenneske Halvor Folgerø på bass.

Konserten i Bergen er utvida med fullt band og gjesteartistar.